Letra de Munin
To ramnar eig
Dei er meg kjær
Ein for mitt minne
Ein for min hug

To ramnar eig
Dei er meg kjær
Ein for mitt minne
Ein for min hug
I kvar sin vind, frå meg
Flygande, i kvar sin veg
Dei kver meg songar
Når heim dei vender

Eg stundom fæler
At hugjen heim ei rekk
Enn meir eg ottast
At minna mistar sin veg
Vegvill er hug
Utan minne
Eit tre råtnar
Utan rot
På dine vingar bér
All den tid som runne, hev
Å minnefuggel
Vær hos meg all mi tid
All mi tid

Minna er
Alltid nær
Visar veg
Rådar meg
Minna er
Alltid nær
Røynslas råd
Mistakets frelsar

Minne eg heiter
Børa på medvitets rygg
Skaldens veg til ordas hóv
Treets rot og steinens riss
Tingets krins og vargens vaksemd