Faen Pa Bordstabelen Letra

Hardingrock

Grimen

Letra de Faen Pa Bordstabelen
Det fins ein frakte-fabel
Om hjelpa frå den vonde
Det gjeld ein planestabel
Ein køyre-hest og bonde

Med øyk og lass det hende
Det saug seg fast i søla
Og bonden svor og skjennde
Om ein som ikkje nøla

'Tru faen kom og henta
kvart jækla, stabla bord!'
Og den som ikkje venta
Var han som bonden svor

For stabelen han feste
Eit tospann, svart som natta
Og med det heile reiste
Så fort som ingen fatta