Letra de Minnest
Midnatt... Alt er stilt her ikring meg. Har no månen gløymt bort seg? Han ser flirande ned. Lys frå lykter finn spor av natt og visnande blad, og det blæs i nakne tre. Minnest heilt aleine med månen. Eg må le når eg minnest: Å, så vakker eg var! Eg må spørja meg sjølv om kjærleik var berre leik. Eg får svar frå gøymde år. Kalde gatar varslar tap. Men minnedraumen blånar. Byen vaknar, alle lykter spaknar. Den mørke natta grånar. Dagning - Eg må vente på dagen. Eg vil ikkje gi opp no. Eg vil ikkje bli tynt: Når det lysnar, vil natta bli eit minne ho òg, og eit nytt liv har begynt. Bitter røyk frå brende døgn, mi eiga løgn brenn verre. Små veglys døyr no, snart er natta over. Ein ny dag ser eg demre. Hald meg! Det er lett å gå fra meg og la meg stå aleine med eit liv eg har blødd. Om du held meg vil du få sjå kva kjærleiken er. Sjå, ein ny dag blir no fødd!