Letra de Annepanneflekk
Vi har ei pussig kattemor, ho heiter Annepanneflekk. Ho har ein pels i fargeflor så prikkeblå og tigerfrekk. Om dagen sit ho musestilt i trapp og gang og gjennomtrekk Ho sit og sit og sit og sit ... Slik er ho, Annepanneflekk. Men når ein dags masing og kjasing er still, så har Panneflekks jobb nesten ikkje tatt til. Når folk har fått lagt seg og dei snorkar om kapp, så held ho i serken og tår kjellarens trapp. Ho er grueleg redd for kva musene gjer, for dei ter seg kje bra, og moralen er sær. Så når ho kjem ned og får hysja ned latter, så lærer ho mus eit musikkspel om katter. Vi har ei pussig kattemor, ho heiter Annepanneflekk. Ho likar vanleg kattefór, får mykje ros og aldri smekk. Ho sit i sol urikkeleg som skipper på sitt eige dekk. Ho sit og sit og sit og sit . . . Slik er ho, Annepanneflekk. Men når ein dags masing og kjasing er still, så har Panneflekks jobb nesten ikkje tatt til. Når ho innser at mus dansar dårleg ballett trur ho grunnen er grei: dei har galen diett! Og ho byrjar å koke og steikje og bake, og som første rett får dei kattefotkake. Den neste blir lapskaus med muskat og dill. Og ho syng mens dei et: "Sjå,de kan om de vil!" Vi har ei pussig kattemor, ho heiter Annepanneflekk. Ho tuklar med ei slåbroksnor og trevlar opp så langt ho rekk. Ho likar seg på peis og skap, ho har kje spor av høgdeskrekk. Ho sit og sit og sit og sit . . . Slik er ho Annepanneflekk. Men når ein dags masing og kjasing er still, så har Panneflekks dag nesten ikkje tatt til. Ho trur kakkerlakkar må arbeide trutt for at latskap og synd skal ta endeleg slutt. Så ho gjorde ein flokk av ustyrlege kre til speidarar, alle med reinvaska kne. Dei fekk meiningsfullt liv: "Ver parat og ver snill!" Og ho skreiv attpåtil "Kakerlakkanes Drill"! La oss rope hurra for vår Annemor Katt som held orden i huset kvar einaste natt. Hurra! Hurra! Hurra!