Letra de Teaterkatten Gess
Gess er ein katt ved teatret si dør. Han heiter ... eg burde vel sagt det litt fsr, han heiter Asparges, men det gir slik stress å få sagt, så vi kallar han berre for Gess. Han eig ikkje nåla. Og helsa er svak. Han er skjelven på poten. Og skrotten er vrak. Før var han blant kattar det smartaste ess. Men no seier sjølv mus at han er kje meir tess. Nei, han er kje den katten vi veit at han var da han hadde eit namn og eit feitt honorar. Men han trivast blant venner i klubben dei har. (Dei held til i ein binge bak nærmaste bar.) Når andre betaler, så tar han ein tår og svarar med soger frå rikare år. For han har vore stor, ein Thalias pilar. Han har spela i lag med dei beste vi har. Han fortel utan skam etter sjuande knert om ei rekkje rekordar i pipekonsert, om den kjæraste rolla han nokon gong song: ein Fallifofullah i "Faraos Fång". Eg har spela om lag alle roller som finst, og eg kunne vel samstundes ti av dei, minst. Eg har improvisert og sufflert mens eg song. Eg var stormen i "Stormen" og slo på gongong. Eg overtok roller frå Gluck til Lehar, etter to timars pugg stod eg påkledd og klar med ei røyst som fekk mjukna den råaste sjel om no rolla var helt eller helten sin træl. Eg fekk passe Mor Åse da Gynt hadde fått, eg var katta i sekken som Per hadde fått. Eg var meister med halen og stø akrobat, var eit år på turné med "Den Storstøvla katt". Men mi gjævaste rolle for nokon salong var Fallifofullah "Faraos Fång". Og når soger blir lange, og drinkar kjem tett, tar han til å fortelja om Lady Macbeth, for ho ville ha katt (helst ein ny instruktør). Slik fekk Gess debutere som Shakespeare-aktør Våre vaksne gir kattungar feil medisin, for dei unge i dag manglar heilt disiplin. Dengong EG stod i kor og song feil, fekk eg smekk. Men i dag skal ein helst vera lettvint og frekk. Og han klør seg og mumlar i labert humør: "Nei, teater er ikkje det same som før. Ei nymotens framsyning kan ha fasong, men eg høyrer det finst kje ein kveld som den gong. da EG fekk min glorie og skreiv historie som Fallifofullah i "Faraos Fång". Eg har gått på gesimsar i høg foajé for å berge eit barn mens teatret brann ned. Og eg trur nok eg enno kan meir enn folk flest når det gjeld å få frese vekk Rosmer sin hest. Eg har spelt Tiger Brumme, kan gjera det no, kan gjera det no kan gjera det no ...