Letra de Gamle Profetikus
Gamle Profetikus er ein poet. Han er katt som har levd fleire liv enn dei fleste. Han er vidkjend for ordtak, er kattars profet, og var som ein Moses for pus på sitt beste. Gamle Profetikus var ein sjarmør, han gravlagde koner; eg tru nittitre, og hans talrike avkom har gjort det dei bør, og dei fleste er stolt' av sin rimande smed. Når ein ser denne milde og blide poetikus der han sit og får sol på ein prestegardsmur, da seier ein olding litt håst: "Ja, eg trur det ... må vel vera ... Nei! ... Jo! A-ha! Ser kje bra ... Kan hende er hugsen min ikkje så god, men eg trur det er Gamle Profetikus." Gamle Profetikus sit frå det gryr ved torget ein torgdag og følgjer litt med. Kjem geiter som mekrar og brautande kyr, passar gjetarar på at den vise får fred. Blir fortauet truga av buss og av bil, kjem det straks opp eit skilt om at gata er stengt slik at ingenting ugreitt forstyrrar ein kvil, og Profeten får tenkt det han ikkje har tenkt. Slik ein kvil er så god for fordøying hos kattepus. Han bør kje forstyrrast i tida for lur. Og så seier ein olding litt håst: "Ja, eg trur det ... må da vel vera ... Jo! ... Nei! A-ha! Ha det bra. Kan hende er hugen min ute av lei, men eg trur det var gamle Profetikus." Kan hende er skrotten hans skjør, men vi bør fara varleg med gamle Profetikus!