Brummetigers Siste Skanse Letra

Cats (Musical-Norwegen)

Otras Canciones

Letra de Brummetigers Siste Skanse
Han Brummetiger var ein katt som budde på ein pram. Han var berykta overalt der han oghans fór fram. Han herja vilt frå osen heilt til elva blir ein bekk og fryda seg ved klengenemnet "Kattefaen Frekk!" Han kledde seg som fanten sjølv, men ansa ikkje det, og frakken hans var fillete, og buksa hadde kne. Eit øyre var blitt slite av, og slikt er alltid leitt. Og den vonde verda såg han på med auge som var eitt. Dei folk som bur ved elvebreidda, hata Brummes namn. Dei skalv av redsle når dei såg at Tiger søkte hamn. Alt av fjøirkre vart stengd inne av gåsedreng og taus. Og dei ropa til kvarandre: "No er Brummetigar laus!" Å, stakkars alle kosedyr som ikkje er i bur! Å, stakkars feite mopsar som har gjort ein Tiger sur! Å, stakkars kvar ein måkeflokk som vågar seg om bord! Å, stakkars katt som kjem og får eit Brummetigerklor! Ein katt av framand rase var for han den reine pest. Ein katt med annleis namn og ætt fekk aldri vera gjest. For persar og burmesar var han den visse grav. Fordi det var ein persar som reiv Brummes øyre av. Så kviskra ømt ei sommernatt sitt eige linne namn. Den milde månen lyste matt, og prammen låg i hamn. Den duva lett i dønningar som slike prammar plar. Og Brummetiger fekk no vist at han var kjenslevar. Den beste vennen Surripus var nettopp stukken av med Sjellikjenta Siam-Ella for å spela gnav (!) Og den gode gamle Jubalong var også gått i land for å jakte borti parken på ei lekker lita and. Utmed forpiggen på prammen satt Brummetiger, trygg. Han varbergtatt av fru Grillebein sin puselege rygg. Og mens banden av eit mannskap kryssa djunkebåtar elva med ein stor burmesisk hær. Men Brummetiger tenkte berre Grillebein og svans. Og fru Grillebein ho sakna verken samling eller sans. Dei ante ingen fare i sin heite romantikk. Mens det glødde under månen frå ein hær av blåe blikk. Og nærmare kom flåten og la seg tett i ring så stilt at dei på land og pram, dei høyrde ingen ting. Dei farlege var væpna skarpt med gaffel og med kniv. Og dei elskande song kanskje siste songen i sitt liv. Og så gav Tarsan klarsignal til sitt austerlandske kor. Lik ein fælsleg storm av sølv og klør fór Tarsans hær ombord frå flåtar og frå båtar og med blikk som lyste rov, og dei skalka alle luker der forsvårarane sov. Fru Grillebein vart stum og still. Så fór ho opp og skreik. Eg veit eg er kje snill når eg må seia at ho sveik: Ho smatt i land som ingenting. Der sat ho no og lo. Men rundt Brummetiger stod ein ring av beist som véra blod. Dei arge dyra stod så tett som veggen, vom ved vom. Og Tiger kom for persisk rett og fekk sin strenge dom. Og han som hadde drukna mange kattar utan skam, vart no driven til å ta sitt liv med stup fråeigen pram. Å, for ein jubel som braut ut i Brummetigers dal ! I Vesleby og Nuten vart det dans på kvart lokal. Mus vart steikt på spidd på torget: Alle tiders gnag! Og i Burma vart det vedteke ein Kattens Fridomsdag!