Glittertind

Nordmannen
Mellom bakkar og berg ut med havet Heve nordmannen fenge sin heim Der han sjølv heve tuftene grave Og set sjølv sine hus oppå deim Han såg ut på dei steinute strender Det var ingen som der hadde bygt; "Lat oss rydja og byggja oss grender og så eiga me rudningen trygt" Han såg ut på det bårute havet Der var ruskut å leggja utpå Men der leikade fisk nedi kavet Og den leiken den ville han sjå Fram på vetteren stundom han tenkte: "Gjev eg var i eit varmare land!" Men når vårsol i bakkane blenkte Fekk han hug til si heimlege strand Og når liene grønkar som hagar Når det laver av blomar på strå Og når netter er ljose som dagar Kan han ingen stad venare sjå From Letras Mania