Vreid

So lagde dei lekkjone på meg og klaven kring halsen min batt. Helsa mi pinte dei tå meg, men hatet sit enno att ! Å, hadde eg kulor og knivar som rokk dit eg vilde no, Gud nåde då lensmann og skrivar, - dei lagdes snart lik båe tvo !
So lagde dei lekkjone på meg og klaven kring halsen min batt. Helsa mi pinte dei tå meg, men hatet sit enno att ! Å, hadde eg kulor og knivar som rokk dit eg vilde no, Gud nåde då lensmann og skrivar, - dei lagdes snart lik båe tvo ! Å, var eg so giftig som pesten, og ill som ein eiterormstyng, Gud nåde då fengselspresten, som går her og preikar og syng ! Kvi fa'n kjem den kallen inn til meg, med song og hallelujadikt ? Kva svartaste er det han vil meg med Våset um anger og slikt ? E geig ikkje anger i bringa, og kjem eg meg ein gong på dør skal kniven på ny eg svinga, med kaldare hat enn før! From Letras Mania