Cor Scorpii

Helvetesfossen
Futen på Hafslo var ein hardsett mann, som bøndene ikkje hadde mykje hug til. Dei reiste for å klage til kongen i København og der måtte dei vente 3 dagar i slottsgarden til fånyttes, for dei fekk ikkje bere fram klaga. Difor vart dei tvungne til å gjere vendereis, med vilje til å drepa futen. Når futen såg sognebøndene komme, skjønte han kva som ville skje om dei fekk tak i han. Han flykta til hest, med bøndene hakk i hæl, heilt til ferda enda ved den ville Helvetesfossen i årøyelva. I desperasjon freista han å hoppe over elva, men ramla av berget på den andre sida og gjekk lukt i fossen. From Letras Mania